Det jobber mange flinke folk i Fagforbundet. En av dem er rådgiver Ingunn Eriksen. Både i forbindelse med jobben og på fritida, bruker hun kameraet ofte. Vårt ønske er at hun jevnlig vil sende seniorsida.no noen av de flotte bildene hun tar. Dette bildet av snøklokker i Botanisk hage i Oslo ble tatt fredag 14. februar.
Dette diktet av Olav H. Hauge mente Ingunn passa godt til bildet:
“Dei fyrste vårblomane” (frå Seljefløyta)
Ein tidleg, gråkald vårdag
skyt krokus ung og brå
upp millom visne blokkor
og opnar sine klokkor
so bjart og djup og blå.
Snøklokka, kløkk og bleikdæmd
med grøne smale blad
heng bljugt med sine krunor
i vind og vårvêrslunor
alt på ein snøberr stad.
So blåøygd som ein unge
kjem symra rein og klår:
um bleike tåna lende
legg sola gull kan hende
og lerka syng mot vår.
Når fyrste fagre symra
og klokkor millom is
hev felt dei fyrste bladi
og solvon longe gladi
sprett lokk-kvit arabis.
Kring stein og mosut fjellrabb
han spreider seg og skin.
Og klår og høg er dagen.
No vert det vår i hagen,
no grønkast grå jasmin.
Kan hende gullregn blømer
og drys sin gylte blom
på folne krokusrestar
med fagre fivreld gjestar
din dyre heilagdom.
I friskt og doggrønt plengras
skin benken kvit og ny.
Og medan vinden sullar
sting solspjot bjarte stullar
i skodd og regntung sky.